Overnatting

Ved Oppstrynsvatnet i Stryn, med mektige fjell og grønt brevatn, kan du lett finne roa. Her bur du tett på naturen, med eit godt utgangspunkt for ulike aktivitetar i området. Her kan naturen bestemme tempoet.

Finn overnatting

  • Panoramahytta

    Ei romsleg hytte med flott utsikt og gode uteområde. Terrassen med grillplass og jacuzzi inviterer til avslapping etter ein dag ute i naturen. Inne finn du tre soverom, to bad og eit moderne kjøkken med oppvaskmaskin, samt TV og wifi. Gratis parkering.

    Bestill på AIRBNB‍ ‍ Bestill på BOOKING.COM‍ ‍

  • Skulehuset

    «Skulehuset» har tre soverom, bad med dusj og kjøkken med kjøleskap, oppvaskmaskin og steikeomn. Frå terrassen og hagen kan du grille og nyte utsikt mot fjella og Oppstrynsvatnet. Huset har TV og wifi. Gratis parkering ved huset.

    Bestill på BOOKING.COM

  • Stryn Golden Resort I

    Ferieleilegheit med flott utsikt og rolege omgjevnader. Tilgong til terrasse gjer det lett å nyte fine dagar ute. Leilegheita har to soverom, stove og eit fullt utstyrt tekjøken, samt bad med dusj. Eigen inngang og gratis parkering.

    Bestill på AIRBNB‍ ‍ Bestill på BOOKING.COM

  • Stryn Golden Resort II

    Ferieleiligheit med flott utsikt, perfekt for deg som vil kombinere avslapping og opplevingar, året rundt. Kjøkken med spiseplass, to soverom, eitt bad og wifi. På terrassen kan du nyte utsikta over vatnet og fjella. Gratis parkering.

    Bestill på AIRBNB‍ ‍Bestill på BOOKING.COM

Har du spørsmål?

Lurer du på noko om overnatting eller aktivitetar i nærområdet?
Ta gjerne kontakt, vi svarar så fort vi kan.